Viser arkivet for august, 2016

Sandefjord

-

Nedstestølen er ei av dei største setrane i kommunen. På det meste 
var her opp mot 150 kyr og seks–sju budeier. Det var nok ekstra fart i stølslivet her sidan setra ligg rett ved ferdselsåra mellom Valldal og Åndalsnes.

Nedstestølen ligg lunt og fint på ei stor slette mellom høge fjell og store elvar, om lag 400 meter over havet og vel to mil frå Sylte. Setra grensar til Øvstestølen i aust, til Innfjorden i nord og til Langdal i sør. Beiteområda er store med Føret mot Øvstestølen og heile Berilldalen framover. På det meste var det opp mot 150 kyr – rundt 100 kyr var det vanlege – og seks–sju budeier. Nedstestølen er ei gammal seter, men kor gammal er det ingen som veit. I eit skifte frå 1719 er det nemnt både innbu og dyr «paa sætteren».

Stølen er av dei største i kommunen. Med sine tjue grunneigarar (frå Døving, Gjerde, Høghjelle og Myren) er her mange hus og fjøsar, sjølv om fleire av dei gamle bygningane er borte no. Seterreiten på nordsida, framom elva, er inngjerda til slåttemark med svær steingard rundt. Noko av reiten var felles, og noko var private teigar. Det var alltid ei felles slåttehelg. Graset vart hesja og brukt på setra. Dei hadde høyet som reserve, kanskje til sjuke dyr.
Det var setra her til 1962. I dag vert Nedstestølen brukt som beite for sau, dei siste åra har det vore om lag hundre dyr her.

Dette er den øverste stølen i Valldal, den er også stølen med eldste bygning. Huset på bildet er trolig fra 1500-tallets start, tømmeret er meget grovt og et bevis om et varmere klima (global oppvarming høres ut som en merkelig redsel når det for 500 år siden var mye varmere enn i dag…)

I dag gikk vi i underkant at en mil i postkortnatur inn til en støl like oppunder Trollstigen, en perfekt tur igjen.

“Alt er begynnelse. Hvert åndedrett gir en ny sjanse. Hvert skritt kan lage en ny vei.”

Siste bilde eg tok på Århus bukt. Siste bilde frå meg, førebels. Svert skuffa. Foto: Bjørgulv Mykland.

Den lille prikken i Storfjorden er MS Lofoten, en flott dag for en fjelltur…

Sandefjord